Arealbarometeret viser produksjonsgrunnlaget for jord- og skogbruk i Noreg. Samstundes viser det korleis jordbruksareala vert brukt. Kunnskap om arealressursane gjev grunnlag for auka medvit om arealbruken. Informasjonen kan brukast i planarbeid, utgreiingar og politiske prosessar, og vere til nytte for forvaltninga, presse, politikarar og folk flest.